6.9. Standard rutenett

Figur 15.105. Innstillingar for standard rutenett

Innstillingar for standard rutenett

På denne sida kan du tilpassa standardinnstillingane for GIMP sitt rutenett. Du kan slå det på og av med Vis → Vis rutenett i hovudmenyen.

6.9.1. Opna dette dialogvindauget

Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via Rediger → Brukarinnstillingar.

6.9.2. Innstillingar

Innstillingane her er dei same som i dialogvindauget for å setja opp rutenettet og kan brukast for setja opp rutenettet på nytt for eit bilete ved å velja Bilete → Innstillingar for rutenettet i hovudmenyen. Sjå Dialogvindauget for Innstillingar for rutenettetom kva dei ulike innstillingane betyr.